arrow
Kittil Gunleksen OMNES
(Abt 1606-1702)
Tollaug Torkildsdatter KLEPPEN
(Abt 1615-Abt 1682)
Ole Kittilsen OMNES
(Abt 1645-1702)
Gunlaug Helgesdatter
(Bef 1649-)
Halvor Olesen OMNES
(Abt 1666-1731)

 

Family Links

Spouses/Children:
1. Tollou Halvorsdatter RYEN

2. Anne Andersdatter MELAAS

Halvor Olesen OMNES

  • Born: Abt 1666, <Norway>
  • Marriage (1): Tollou Halvorsdatter RYEN on 28 May 1703 in Hjartdal, Telemark, Norway
  • Marriage (2): Anne Andersdatter MELAAS on 24 Jun 1706 in Hjartdal, Telemark, Norway
  • Died: 3 Mar 1730/31, Sauland, Hjartdal, Telemark, Norway about age 65 1

   Another name for Halvor was Halvor Olsen OMENAES.

  Death Notes:

65aar

  Noted events in his life were:

• Reference: Hjartdalsoga: Hjartdal, Telemark, Norway. 2) Halvor Olson Omnes , eigar og brukar 1704-31, f ca 1666 d 1731 gIg 1703 m sitt syskenbarn Tollaug Halvorsdtr. f 1678 d 1704 i barsel eller i samband med det. GIIg 1706 m Anne Andresdtr. Melås , f ca 1680 d 1741. Born i første ekteskap: 1 Bergit f 1702. Ho kom til verda før dei gifta seg. 2 Ragnhild f 1704 d s.å. Den andre kona bar fram 11 born : 3 Helge f 1706, fekk dtr. Aslaug f 1731 og Bergit f 1741 med gift mann Andres Olson Skoje. Både Helge og Andres fekk straff. Sjå Skoge. 4 Ola f 1709, d liten. 5 Ragnhild f 1711 g 1731 m Levor Halvorson, dtr. Helge f 1732 g 1756 m Torkel Kjetilson, Sud-Landsverk. 6 Andres f 1713, sjå 3). 7 Gunlaug f 1714 d s.å. 8 Anne f 1717 g 1742 m Ola Andreson Skoje. 9 Kjetil f 1718 d s.å. 10 Ola f 1719 d liten. 11 Gunlaug f 1721 g 1759 m Tarald Olson Kåsa. 12 Aslaug f 1725 d s.å. 13 Ola f 1727 g 1757 m Tore Jonsdtr. Tråer.

Halvor var lagrettemann. Han blei stemna av verbroren, Lars Bekkhus, fordi Signe ikkje fekk farsarven sin. Det var 31 rd. ho hadde krav på, og Halvor blei dømt til å betale. Sjølv låg Halvor i odelssak om Rygi i Heddal, men tapte. Det blei heldt skifte etter den første kona, Tollaug Halvorsdtr., i 1704. Bror hennar, Simon Halvorson var til stades. Formuen i buet var 142 rd. 12 sk., gjelda var 28 rd. 3 ort 3 sk., og nettoformuen blei 113 rd. 1 ort 9 sk. Buet åtte 2 mæler 3 notting i Omnes, vurdert til 63 rd. Denne buskapen var med i skiftet: 1 svart hest til 10 rd., 4 kyr til 4 rd. kvar, 1 kvige og 2 kalvar. Det var eit rikeleg personleg utstyr denne ungkona let etter seg, ikkje minst når ein ser på den samla formuen. Ma desse sølvsakene var med i skiftet: Eit lite sølvbelte på raudt klede med 20 kvelvde plater og 7 andre slette plater til 10 rd., 2 gylla sporesøljer til 2 rd., 4 doble sølvspenner til 6 rd, og fleire mindre sølvsaker som lekkjer, spenner og maljer. Blant kleda var 1 trøye i svart klede med fløyelssnorer, 1 raud og 1 svart trøye i klede, til 1 rd. kvar, 1 stakk i raudt klede med svart liv og messingmaljer til 3 rd., 1 svart vadmålsstakk med liv i blått firskaft og messingmaljer til 1 rd. 2 ort. Det var fleire skaut, forkle og skjorter i lerret, 1 forkle i kvitsaum, 1 handduk som var sauma i båe ender og 1 randa handduk. Elles kan nemnast 1 randa barnereiv til 1 ort.

I skiftet etter Halvor Omnes i 1731, var formuen 498 rd., gjelda var 294 rd. og nettoformuen blei 204 rd. Den faste eigedommen var Ned-Omnes, verdsett til 225 rd., og 15 rd. i Tjønn i Tuddal. Denne buskapen var med i skiftet: 5 kyr til 6-5 rd. for kvar, 2 teungskviger, 3 vetrungskviger og 3 kalvar. Dyretalet høver bra med den offisielle taksten i 1723.

Sonen Andres tok over garden.


Halvor married Tollou Halvorsdatter RYEN, daughter of Halvor Gregarsen RYEN and Thone Kittilsdatter, on 28 May 1703 in Hjartdal, Telemark, Norway. (Tollou Halvorsdatter RYEN was born about 1678 in Heddal, Telemark, Norway and died on 12 Jul 1704 in Sauland, Hjartdal, Telemark, Norway 2.) The cause of her death was childbirth.


Halvor next married Anne Andersdatter MELAAS, daughter of Anders Olsen MELAAS and Helge Sveinungsdatter VREIM, on 24 Jun 1706 in Hjartdal, Telemark, Norway. (Anne Andersdatter MELAAS was born about 1681 in Heddal, Telemark, Norway and died on 3 Apr 1741 in Sauland, Hjartdal, Telemark, Norway 3.)


Sources


1 Hjartdal 1716-1754 (Arkivverket), p153, 1731.

2 Hjartdal 1685-1714 (Arkivverket), p78, 1704.

3 Hjartdal 1716-1754 (Arkivverket), p216, 1741.


Disclaimer: This family tree is a work in progress. Unless a source is specified, the information has not been verified.

Table of Contents | Surnames | Name List

This Web Site was Created 17 Dec 2014 with Legacy 7.5 from Millennia